|
Om STARTHJELP
|
STARTHJELP er tredelt:
- Spørsmål: Ved å svare på spørsmåla blir du nødt til å tenke gjennom viktige sider ved småskala matproduksjon. Måten du svarer på bestemmer kva råd du får frå STARTHJELP. Ingen andre får vite kva du har svart.
- Svar: Etter at du har fylt ut spørreskjemaet vil du få svar frå STARTHJELP i form av ei liste over viktige ting du bør vere klar over. Denne ”huskelista” bør du skrive ut og ta med deg i det vidare etableringsarbeidet.
- Fakta: Gjennom faktaopplysningar gode eksempel får du nyttig kunnskap om bedriftsetablering og produksjon / marknadsføring av småskala mat. Faktadelen inneheld også lenker til nyttig informasjon andre stader på Internett.
Både spørsmål og svar er delt i fire hovudtema:
- FRÅ TANKE TIL FORRETNINGSIDÉ: Er du motivert og kva kompetansebehov har du?
- MARKNAD, PRODUKT OG SAL: Kven er kundane dine og kva produkteigenskapar og service kan du tilby?
- PRODUKSJON: Planlegg du prøveproduksjon og kva veit du om mattryggleik?
- ØKONOMI: Har du oversikt over produksjonskostnader og likviditet?
Når du svarer på spørsmåla i STARTHJELP vil svara dine bli lagra i 30 dagar, slik at du kan kome tilbake etter ei tid og fortsette utfyllinga.
Dette krev at det blir laga såkalla informasjonskapslar (cookies) på din PC.
Her finn du nærare informasjon om informasjonskapslar.
|
|