Heim

STARTHJELP | Spørsmål | Svar | Fakta | Om STARTHJELP  

Svar frå STARTHJELP

Under finn du ei liste med råd og vink frå STARTHJELP basert på dei svara du nettopp har gitt. Kommentarane blir presentert saman med ein repetisjon av det aktuelle spørsmålet og svaret du har gitt. Denne lista bør du skrive ut og ta vare på. Skriv utSkriv ut din respons

FRÅ TANKE TIL FORRETNINGSIDÉ:


1.1.Kva er bakgrunnen for at du ønskjer å starte som småskala matprodusent?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Tenk nøye gjennom din eigen motivasjon for å starte som småskala matprodusent! Dersom du skal lykkast er det ein fordel å vere interessert i fleire sider ved produksjons- og salsarbeidet.

1.2. Engasjement og motivasjon (kryss av dei utsegnene som passar)
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Motivasjon og pågangsmot er eit viktig vilkår for å få det til som etablerar. Dersom du manglar dette, eller må rekne med lite støtte frå dine nærmaste, er sjansen mindre for å lykkast. Det vil vere fornuftig å arbeide for å få støtte for ideen frå dei som står deg nærast, ettersom dei vil kunne bli gode støttespelarar i arbeidet.

2.Kva ressursar rår du over som kan hjelpe deg å skape eit unikt produkt?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Du har ikkje svart på om du rår over spesielle ressursar som kan hjelpe deg å skape eit unikt produkt. Når du skal etablere ei verksemd er det viktig å ha eit bevisst forhold til eigne fortrinn, anten det dreier seg om personlige eigenskapar, dine nettverk eller spesielle sider ved garden. Kan hende er det nettopp desse ressursane som vil vere avgjerande for om du skal lykkast eller ikkje. Ei slik kartlegging er også viktig fordi den kan seie noko om kva ressursar som du manglar sjølv og som du derfor må skaffe gjennom skolering, kjøp av tenester eller samarbeid med andre. Meir informasjon finn du i faktaarka:Marknadsføring og Kvalitet og Verdi.

3.På kva område vil du trenge å få tilført ekstra kompetanse?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Du har ikkje kryssa av at du treng å få tilført ekstra kompetanse på nokre av dei sju områda vi har lista opp. Det er lite trulig at du som kommande etablerar har full oversikt over alle desse felta. Derfor vil det vere nyttig å tenke gjennom på kva område du stiller svakast, og derfor treng påfyll eller hjelp frå andre

4.1.Planlegg du å drive verksemda aleine eller saman med andre?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Spørsmålet om du skal drive aleine, i lag med familien eller i kompaniskap med andre vil ha mykje å seie for korleis du skal legge opp det vidare etableringsarbeidet. Derfor er det ønskelig med ei tidlig avklaring på dette punktet.

4.2.Deltar du i eit faglig/sosialt netterk for småskalaprodusentar?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Kontakt med andre produsentar av kvalitetsmat vil verke stimulerande og gi viktig kunnskap. Ver bevisst på at du brukar det faglige/sosiale nettverket du er med i til å dra lærdom av erfaringane andre etablerarar har gjort.

4.3.Har du tankar om kva selskapsform som kan vere aktuell?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Selskapsform er viktig med tanke på risiko, skatteforhold og andre lover og reglar. For nærare informasjon sjå faktaarket: Organisasjonsform

5.Har du laga ein framdriftsplan?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Ein framdriftsplan bør ta for seg både idé-/utviklingsfasen og etableringsfasen. Du finn døme på korleis ein framdriftsplan inngår i arbeidet ditt i faktaarket: Forretningsplan.

6.Kor godt utvikla er forretningsidéen din?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Det er fleire grunnar til at du bør utforme ein forretningsidé: - Prosessen er klagjerande for din eigen del – du blir tvinga til å tenke strategisk og stake ut retningen for det vidare arbeidet. - Med ein gjennomtenkt forretningsidé blir det lettare å formidle til andre kva du driv med, og kvifor ditt etableringsprosjekt er viktig å satse på. Det kan m.a. kome til nytte når du skal søke om offentlege tilskot. Prøv ut forretningsidéen din på familie og venner, men det er viktig at du også presenterer han for folk som ikkje kjenner deg frå før og som derfor lettare kan gi deg kritiske tilbakemeldingar. Andre produsentar som har vore gjennom ein tilsvarande etableringsprosess vil kunne gi deg verdifulle innspel. Generell innføring om utarbeiding av forretningside finn du på desse nettsidene til ”Spør OSS” og Innovasjon Norge. Du kan også sjå korleis ein forretningsidé er formulert i faktaarket: Forretningsplan.
MARKNAD, PRODUKT OG SAL:


7.1.Har du sett deg ut ei eller fleire kundegrupper?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Noko av det første du må gjere som framtidig etablerar er å sjå deg ut ei eller fleire kundegrupper. Du må orientere deg i marknaden og skaffe deg eit bilete av kven som ønskjer å kjøpe dei produkta du kan tilby. Du må også aktivt undersøke kva kvalitetar dei aktuelle kundegruppene er interessert i og kor mykje dei vil betale for dette. Slik kunnskap kan du få på fleire måtar: Gjennom personlig kundekontakt, kontakt med andre produsentar, marknadsundersøkingar og gjennom prøvesal. For døme på korleis du finn kundegruppa di sjå faktaarket: Marknadsføring.

7.2.Har du kontakt med aktuelle kundar slik at du veit kva dei ønskjer seg?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Oppsøk dei aktuelle kundegruppene! Ver aktiv og snakk med folk om kva typar produkt og tenester dei ønskjer seg. Eit mindre prøvesal er ein måte å lære om kundane på.

8.1. Kor kjem kundane dine frå?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Du har ikkje svart på kva for eit geografisk omland du vil rette deg mot. Val av salskanalar avheng mykje av kor kundane dine bur.
8.2.
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Det er viktig at du tar stilling til kva aldersgruppe og familiesituasjon du først og fremst ønskjer å nå. Både prissetting, innpakking og promotering vil vere svært ulik om du vender deg til middelaldrande kundar med god råd samanlikna med om du prøver å nå fram til ungdommar med lita kjøpekraft.
8.3.
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Dersom du verken rettar deg mot kundar med særlig interesse for mattradisjonar, gourmet-mat eller helse/velvære, utelet du nokre av dei kundegruppene som har størst motivasjon for å kjøpe småskala kvalitetsmat.

9.1.Kor ønskjer desse kundane å kjøpe produkta dine?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Du har ikkje svart på kva salskanalar du meiner er best eigna for å nå dei aktuelle kundegruppene. Dersom du ikkje veit kor dei aktuelle kundane ønskjer å kjøpe ditt produkt, bør du spørre dei om det. Val av salskanalar må likevel bli ei avveging mellom kundane sine ønske og kva salskanalar som er praktisk mogleg for deg å gjere bruk av. Kanskje finn du noko nyttig informasjon i fakaarket: Marknadsføring.

9.2.Korleis vil du levere/transportere produkta dine?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Val av transportløysingar avheng m.a. av type produkt og av kva kundar du vil nå.

10.Har du undersøkt kva pris tilsvarande produkt har i den marknaden du rettar deg mot?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Det er viktig å danne seg eit prisbilete, og at ein vurderer om ein skal operere med ulike prisnivå overfor ulike kundegrupper og salskanalar.

11.Kva former for informasjon / reklamering ser du for deg å drive?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Det er viktig å tenke grundig gjennom kva former for reklame og informasjon ein skal nå ut til kundane med. Dersom du ikkje har klare tankar om dette, bør du søke råd hos andre, som Innovasjon Norge. Sjå også www.matnett.com (klikk på ”markedsføring” i menyen til venstre).
  • Ryktet verksemda di får er svært viktig for resultatet. Fornøgde kundar er den beste reklame du kan få, og det er viktig at du brukar ditt personlige kontaktnett aktivt for å nå ut til potensielle kundar.
  • Du har svart at du tar sikte på butikk og/eller restaurant som salskanal. Undersøk om det er mogleg å få innpass i den vanlege profileringa / reklamen til den aktuelle butikken eller restauranten.
12.2.
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Dersom du planlegg å selje eit produkt som alt finst på marknaden, bør du vurdere om det er måtar du kan gi dette produktet ein tilleggsverdi for kunden, slik at ditt produkt skil seg ut frå dei andre. Du kan sjå meir om dette i fakaarket: Kvalitet og verdi.
PRODUKSJON:


14.Korleis tenker du å bygge opp produksjonskapasiteten?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Vil du ha økonomi til å bygge opp tilnærma full produksjonskapasitet frå start? Det minst økonomisk risikable er som regel å bygge opp produksjonskapasiteten gradvis i takt med etterspørsla. Dersom du har avtalar som sikrar avsetning av produktet, og meistrar produksjonen godt, kan det vere fornuftig å satse større alt frå starten av. Vurder! . Litt meir informasjon finn du i faktaarket: Produksjonsteknikk.

15.Har du oversikt over andre produsentar med tilsvarande produkt i dei marknadene du siktar deg inn mot?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Set deg som mål at du – før du går vidare med etableringsplanane dine – har snakka med minst fem småskala matprodusentar om røynslene deira! Lag ei liste over dei spørsmåla du helst vil ha svar på før du tar kontakt. Seinare kan det vere aktuelt å spørre ein annan produsent om å vere rådgivar (”mentor”) for deg i ein periode.
ØKONOMI:


18.2.Har du gjort overslag over kostnadene ved etablering?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Dersom du finn det vanskeleg å lage eit overslag over etableringskostnadene, bør du søke hjelp til dette hos produsentar som driv i same bransje og hos personar i rettleiingssystemet (t.d. Innovasjon Norge ).Meir informasjon finn du også i faktaarket: Økonomi knytt til oppstart

18.3.Veit du at du har nok pengar tilgjegeleg (likviditet) til å klare deg gjennom etableringa?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • I oppstarten av ei verksemd vil det kome meir kostnader enn inntekter. Dei fleste nyetablerte verksemder som går konkurs gjer det nettopp på grunn av vanskar med å betale utgifter i oppstarten. Det hjelper deg lite om du har store verdiar dersom du ikkje har pengar til å betale rekningane som kjem. Sørg difor for å ha ein godt utarbeidd plan for å finansiere oppstaren. Spør om råd hos nokre som er flinke til å vurdere slikt, eksempelvis - Innovasjon Norge banken din, det kommunale næringskontoret eller Narvik-telefonene (tel. 800 33 840). For ein oversikt over likviditetsbudsjett sjå faktarket: Økonomi knytt til oppstart

19.Veit du om lag kor store dei ulike kostnadane dine vil bli slik du har tenkt deg produksjonen?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Det er viktig å vite kva kostnadane dine er i produksjonen fordi dei dannar grunnlaget til den prisen du minst må ta for varene dine dersom du ikkje skal drive med underskot. Set deg inn i korleis ein kan sette opp slike budsjett, og prøv ulike kombinasjonar for å sjå korleis dei slår ut. Sjå matnett.com, Bedin. Elles kan du sjå i faktaarket: Økonomi knytt til drift

20.Veit du kor mykje arbeidsgodtgjersle du skal ta ut frå produksjonen?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Om du skal ha tilsette i produksjonen din vil arbeidsgodtgjersle til desse gå inn som ein vanlig kostnad. Hugs derimot på at løna per time bere er ein del av denne kostnaden, ettersom arbeidsgjevaravgift, forsikring, feriepengar (og di administrering) kjem i tillegg. Utover dette er det viktig at du set deg eit mål for kor mykje pengar du skal ta ut av produksjonen til deg sjølv. Hugs at når du startar opp er det ikkje berre kostnadane til produksjonen du skal dekkje, men også dei private utgiftene til deg sjølv og dei du eventuelt forsørgjer. Sjølv om du reknar med større inntekter i framtida må du ha noko å leve av inntil vidare. Dersom du har andre inntektskjelder vil behovet vere lågare enn om du satsar fullt på småskala produksjon frå første stund. Du må også hugse at du kan bli sjuk undervegs. Som næringsdrivande har du ikkje alltid same tryggleiken som ein tilsett, og du må difor ”kjøpe” deg denne tryggleiken. Vidare vil inntekta du tek ut over tid påverke pensjonen din. Sjå gjerne meir om dette i faktaarket:Økonomi knytt til drift

21.Har du ein plan eller ide om kor mange einingar du vil kome til å produsere?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Nokre kostnader er uavhengige av kor mange einingar som vert produsert. Dette vert gjerne kalla faste kostnader, og kan for eksempel vere forsikring av bygningen. Det er difor viktig at du lagar ein plan over kor mange einingar du tenkjer å produsere slik at du veit kor mange einingar du skal dele slike kostnader på. Dersom du ikkje er heilt sikker kan du gjerne lage eit overslag over det du meiner er realistisk minimums- og maksimumsproduksjon. Sjå meir om dette i faktaarket: Økonomi knytt til drift.

22.Veit du kor mykje du skal ta betalt for kvar eining, og eventuelt korleis dette varierer i dei ulike salskanalane?
Du svarte ikkje på spørsmålet

Kommentar:
  • Det er viktig å vite kva du vil ta betalt for kvar eining. Dette vil avhenge av kva produksjonen din kostar, kor mykje overskot du vil ta ut frå verksemda, og kor mykje det er mulig å få ut av marknaden. Dersom du ikkje veit dette må du danne deg eit bilete av kostnadene dine for kvar eining, og kva andre tilsvarande produkt kostar i marknaden. Produktet har ein ideell pris når du lett får selt den maksimale produksjonen din, men ikkje meir enn det. Ved dette prisnivået treng du ikkje bruke så mykje ressursar på å selje produktet ditt at det kostar meir enn du sit att med, samstundes som du ikkje blir utseld med ein gong fordi du ikkje tar deg nok betalt for kvaliteten. Les meir om prissetting i faktaarket: Økonomi knytt til drift.
Til toppen av sida
STARTHJELP er utvikla av Vestlandsforsking i samarbeid med RKIT Consulting AS